menu-bar All the categories

298,00 kr 259,00 kr

Du finn dei i gamle naust eller uthus. Fletta teiner, ruser eller kiper til å bera ved i. Minne om ei tid då fletta produkt var ein viktig del av kvardagen til folk i Sunnhordland. Ei tid då folk hadde kunnskap om korleis ein laga desse reiskapane sjølv. Dei to siste åra har museet vore deltakar i EØS-prosjektet «Viva Basket!» der dokumentasjon av både våre lokale flettetradisjonar i Sunnhordland og på Vestlandet, og flettetradisjonar i Polen, har stått i fokus. I årboka for 2015 får du møta nokre av dei som framleis kan kunsten å fletta på gamlemåten anten her i heime i Noreg, eller i samarbeidslandet vårt, Polen.