Volum 5A- eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020.Verket har ein tydeleg og føreseieleg struktur og eit stort og variert oppgåvemangfald.Når elevane får undre seg, diskutere og utforske saman over tid, trur vi på at alle elevar kan oppleve matematikk som engasjerande og meiningsfylt. VOLUM legg til rette for at elevane får god tid til åøve på å forstå, bruke og utfordre ferdigheitene sine i ulike matematiske samanhengar.I eit trygt og raust læringsfellesskap kan elevane argumentere og dele idear - og på den måten bidra til å utvikle eit felles, presist og tenleg matematisk språk.Saman med kvar elevbok følgjer det konkret til bruk i undervisninga.Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no.