«Gunnhild Øyehaug bekrefter sin status som en av våre mest innovative, morsomme og uærbødige forfattere.» Mari Grydeland, AftenpostenUmogelege metamorfosar, kjøtmeiser, mygg og menneske med store lengslar, store sorger, små problem og store og små tankar spelar seg ut i novellesamlinga «Vonde blomar». Kva skal du til dømes gjere når du plukkar vonde blomar? Kva skal du seie i opningstalen din når det flunkande nye museet ditt har sokke i jorda? Kva skal du gjere når alt du tek i blir til slimål? Og kva skal du gjere når du har lengta etter å besøke dei kvite klippene ved Dover, men no er død? «Vonde blomar» handlar om kjærleik, død og opprør, om å skifte form eller å bli verande den same, om flokane i det arbeidet som heiter å forstå.