menu-bar All the categories

179,00 kr

Karl Seglem har satt saman eit stjernelag av internasjonale musikarar. Ein sterk, leiken og ny europeisk kvintett debuterer med albumet Waves på det nederlandske plateselskapet Challenge Records. Karl Seglem er ein tenorsaksofonist, bukkehornspiller, komponist, produsent og poet som med sin unike sound omtales som en av Norges fremste musikere. Christoph Stiefel er ein stor jazzpianist i sitt heimland Sveits, Norske Jullie Hjetland Jensen har bakgrunn frå skandiavisk folk og dansk pop, busett i København. Bassisten Sigurd Hole er kjent frå Eple Trio, og trommis Kåre Opheim frå RealOnes, og begge dei seinare år i Karl Seglems akustiske kvartett og hans world-jazz band. Innspelinga har ei open form, og i botn ligg gjennomarbeida og særprega komposisjonar frå Seglem, Stiefel og Hjetland. Kvintetten har ein klangleg innfallsvinkel til samspel, og skapar unike lydunivers både melodisk, rytmisk og harmonisk. Musikarane utfordrar seg sjølve, sine medmusikarar og eit lyttande publikum som vil finna denne innspelinga svært spennande og interessant.