menu-bar All the categories

179,00 kr

Briotrio - Yeah! Kat.nr. AT0101 /Users/amp/Desktop/Japanese school Jazztrioen med base i Bergen har som motto: å leike med kvarandre sine låter, og i leiken kjem kvar enkelt si musikalske erfaring til uttrykk. Briotrio skriv eigenkomponert, moderne jazz med utgangspunkt i amerikanske jazzformar og kreativ innflytelse frå mange sjangrar, alt frå afrikansk rytmikk, vokalmusikk, post-bop, swing med meir. Musikken har eit akustisk sound, har eit leikande og lyttande samspel og swingande groove. Arne Sjøen - trommer Ingrid Steinkopf - piano Thomas Lossius - bass Kirsti Huke - feat. vokal på track 2, 4, 5 and 9 TRACK LIST: 1. Yeah! [4:59] 2. Toyota Yaris [4:43] 3. Whale Snail [5:14] 4. Sailorboy [6:33] 5. Alice [4:01] 6. Pemba [4:06] 7. Vent nå litt [4:12] 8. Jambo [6:38] 9. Ethereal Brother [4:37] “Yeah!” opnar med ein noko kamuflert blues, og tek oss med inn i verda til trioen med leik og referansar til kjente swing-låter. “Sailorboy” og “Toyota Yaris,” med tilhøyrande musikkvideo, handlar om å vere på reise og møte dei utfordringane og gleda livet byr på, samtidig som ein kan stoppe opp og minnast det ein har fått oppleve til no.”WhailSnail” tek inspirasjon frå Thelonius Monk og spelar vidare på låta “???” frå debutalbumet. Tittelen siktar til ei pepperkakeform som ein veg forma ein snigel, og den andre vegen ein kval. “Alice” er albumet sitt lengste og mest progressive spor, og er ein hyllest til Alice Coltrane. “Pemba” har referansar til byen Pemba i Mosambik og Sør-Afrika med det tradisjonelle instrumentet uhadi. Balladen “Vent nå litt” tek dynamikken ned før det heile blir avslutta med ”Ethereal Brother,” ein hyllest til den katolske munken Brother Lawrence som via livet sitt til bøn i klosteret sitt kvardagsliv. Musikken kombinerer eit uttrykk prega av kunstnarisk kvalitet og nyskaping med eit ynskje om å vere folkenær og lettfatteleg. Plata består av både instrumental og vokallåter som reflekterer denne balansen. Kvart enkelt av bandmedlemma har dei siste åra leia jazzensembler kvar for seg; Ingrid Steinkopf med “Starlight Big Band,” Thomas Lossius med “Thomas Lossius Septet,” og Arne Sjøen har fleire utgivingar under eige namn. Dette gir bandet ein unik dynamikk der tre komponistar går saman for å skape stor musikk for ei lita besetning. Musikken er spelt inn i Vea Kyrkje på Karmøy 28.-30. Juni 2021 og miksa og mastra av Rudolf Fredly i Sweetspot Studio.