menu-bar All the categories

305,00 kr

Ei kvinne klarer ikkje å fjerne neglelakken frå neglene sine, ein
litteraturprofessor skal sykle heim frå førelesing og hamnar i
eit mareritt, ei kvinne drøymer kontinuerleg om noko anna enn
dette, nokon forsvinn ut gjennom bussveggen ein heilt vanleg
regnvérsdag, og intellektuelle kriser opptrer også i verdsrommet.
I korte glimt viser kanskje livet seg i rein form, anten i draume
eller i levande live, men kven kan forstå det, og kven kan fortelje?
Draumeskrivar spør.