menu-bar All the categories

599,00 kr 477,00 kr

Denne boka er ei lærebok i handverksysting. Ho tek for seg ysting heilt frå nybyrjarnivå, men inneheld mange detaljar og tips som er nyttige òg for erfarne ystarar. Boka startar med grunnleggjande mjølkekjemi og mikrobiologi og prinsippa for modning og smaksutvikling i ost. Ho gjennomgår regelverk kring mjølkeforedling og korleis regelverket kan etterlevast i praksis. Deretter er framstillingsprosessen for dei viktigaste gruppene av mjølkeprodukt grundig handsama. For kvart trinn i ystinga forklarar forfattarane kva som skjer i praksis, og korleis små justeringar verkar inn. Så kan ein finne årsakene til at osten ikkje alltid blir som ein ønskjer. Boka gjev grunnlag for å utvikle eigne oppskrifter og framgangsmåtar og skape nye mjølkeprodukt med trygg, god og stabil kvalitet. Ragnhild Nordbø er utdanna næringsmiddelkandidat frå Ås. Ho har arbeidd som ostefagleg rådgjevar ved Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 2004. Ho har vore budeie i over 30 år og driv no gard med