menu-bar All the categories

379,00 kr 332,00 kr

Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer? I «Yt etter evne, få etter behov» får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han. Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? FRÅ BOKMELDINGAR: «Sylskarpt familieportrett [...] Ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer [...] svært underhaldande» Marta Norheim, NRK «så nådeløst og forståelsesfullt skrevet at leseren gisper etter luft.» Bjørn Gabrielsen, DN «Sterk og viktig lesing [...] Et av bokhøstens høydepunkt!» Janne Bjørgan, BA «et sterkt driv og en kraft» Guri Hjeltnes, VG «rasende og humoristisk med noe viktig på hjertet» Gro Jørstad Nilssen, BT «et glitrende godt portrett av en familie på bristepunktet.» Maya Troberg Djuve, Dagbladet «en familieroman om evige verdier som ansvar, oppofrelse, tro og kommunikasjon» Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet «drivende, spissformulert, og humoristisk» Astrid Fosvold, Vårt Land «et varmt blikk både for dem som orker og de som ikke orker.» Anne Merethe K. Prinos «skrevet for å gi innsikt [...] De siste bøkene til Olaug Nilssen framstår akkut viktige.» Tom Egil Hverven, Bokmagasinet i Klassekampen