menu-bar All the categories

330,00 kr 287,00 kr

Witold Gombrowicz er rekna som ein av det tjuande århundrets viktigaste forfattarar. Teaterstykka er briljante; språket er sprelsk, scenene dynamiske og hovudpersonane manipulatorar. Handlinga og utviklinga av idear er som oftast gestalta i konfliktar, kampar eller skuggekampar. I tillegg er det slåande korleis det pinlege blir nytta dramaturgisk: eit etikettebrot, feil klede, ein upassande lyd, feil svar eller ikkje noko svar i det heile fører til absurde situasjonar som publikum identifiserer seg med. Her oppstår den menneskelege identiteten i ein vekselreaksjon som samspel eller motspel, som jo er skodespelaren sitt nøkkelord. For Gombrowicz betyr det å vere menneske å spele eit menneske. Denne innsikta gjer han til ein høgst aktuell dramatikar.